Hopp til hovedinnhold

Ønskjer du å vere eksamensvakt våren 2024?

Førde vgs.

Førde vidaregåande skule treng eksamensvaktar til oppdrag i vår. Eksamensperioden er frå 21.- til 31. mai. Ei vakt varer 5-6 timar, med oppmøte kl. 08:15 i resepsjonen på skulestad Førde på Øyrane. 

Fleirtalet av våre eksamenar er digitale. Vi ser difor særskilt etter eksamensvaktar som er kompetente PC-brukarar. Du bør kunne hjelpe kandidatane med pålogging og oppstart.

Meld di interesse ved å sende ein e-post til post.forv@vlfk.no. Skriv kort om deg sjølv og eventuell tidlegare erfaring som vakt. Send også oversikt over kva dagar du kan stille som eksamensvakt. Dersom du ønskjer flest mogleg oppdrag, bør du vere tilgjengeleg for oppdrag alle eksamensdagar.