Hopp til hovedinnhold

Siste veka på Hafstad vidaregåande skule

Andreas Elveseter Sande, elev ved Hafstad vgs. Foto: Nikolai Ripe

Sommarferien er i gang, og Hafstad vgs. er no historie. Flyttearbeidet har for lengst starta, og elevane i MIK VG2 tok tempen på stemninga den siste skuleveka.

Av Odin Melvær Norstrand og Nikolai Ripe

Sommaren 2023 er rett rundt hjørnet, men i år er det ikkje berre tredjeklassingane som takkar for seg, men òg Hafstad vgs. Til hausten skal alle elevane samlast på nye Førde vgs. og det kan følast både vemodig og spanande.

Elevstyreleiar John Olai Nordberg, og bilde av pakking og flytteprosess

 

Elevstyreleiar John Olai Nordberg Bruland tykkjer det vert rart å skulle byrje på ny skule. 

– Det blir jo spanande å gå på ein ny skule, seier John Olai Nordberg Bruland, elevstyreleiar ved Hafstad vgs.

Han tykkjer det vert rart å forlate det gamle bygget, og reknar med det same gjeld mange andre, kanskje særleg lærarane, som har vore her lengre enn han sjølv.

Andreas Elveseter Sande har store forhåpningar til dei nye realfagsromma.

 

Elev ved Hafstad vgs. Andreas Elveseter Sande tykkjer det blir kjipt å ta farvel med Hafstad, men meiner likevel det er ting å sjå fram til ved skulebytet. Han har blant anna høyrt rykte om den nye skulen sine kjemi- og fysikkrom.

– Det skal i følgje min lærar vere ganske heftig, fortel han.

Også det nye biblioteket engasjerer. Der håpar Sande på at det vert sklie, men han seier han er klar over det kanskje blir i overkant optimistisk.

Siste skuleveka på Hafstad vgs. er både spanande og vemodig, men no byrjar eit nytt kapittel for vidaregåande opplæring i Førde.