Onsdag 18.01 arrangerte SLT (Samordning av Lokale rus og kriminalitetsførebyggande Tiltak) Russeforeldremøte for Hafstad – og Mo og Øyrane vidaregåande skule, i kantina på Hafstad vidaregåande skule.
Foto og tekst: Nina Bygstad
Det var eit stort frammøte, der om lag 170 foreldre kom for å høyre korleis ein saman kan legge til rette for ei trygg russefeiring. Russepresidentane oppmoda foreldra om å stille opp og hjelpe dei i russetida, òg dei oppmoda foreldra om å legge seg til i den felles Facebookgruppa dei hadde oppretta for foreldra.

Over: Foto frå russeforeldremøte for Hafstad og Mo og Øyrane vidaregåande skule