Under utdanningsval måndag og tysdag denne veka, fekk vi besøk av ein triveleg gjeng på 118 elevar frå 9. klasse. Hospitantane besøkte programområde innan yrkesfag ved avdeling Mo og Øyrane, og innan studiespesialisering ved Hafstad. Her kan du sjå nokre bilete frå opplegget på dei ulike programområda dei to dagane.
I løpet av måndag til tysdag, 20.-21. mars fekk hospitantane ved Førde vidaregåande skule både generell informasjon, i tillegg til å få delta i undervisningsopplegg knytt til dei ulike programområda ved skulen.
Medium og kommunikasjon (MK)
Ved programområde for Medium og kommunikasjon (MK) fekk hospitantane først informasjon om programområdet. Dei fekk deretter undervisning i dei to obligatoriske programfaga på MK: Mediesamfunnet og medieuttrykk. I løpet av dei to dagane lærte dei om lyd/podcast, journalistikk, foto og film.
Informasjon om MK, og foto/lysmaling og film med Dag Erik Solnørdal



Her er også ei lenkje til ein av dei små filmsnuttane som hospitantane lagde
Journalistikk: Lærar: Marie Stafsnes Osland



Podcast, portrettfoto og foto på fotostudio. Lærar: Ole Johnny Devik



Kunst, design og arkitektur (KDA)
Ved programområde for Kunst, design og arkitektur fekk hospitantane informasjon om korleis det er å vere elev ved KDA, og dei fekk også undervisning i dei to obligatoriske programfaga: Kunst og visuelle verkemiddel og Design og arkitektur. Hospitantane fekk prøve ut ulike teikne, skisse og maleteknikkar i kunstfaget. I faget Design og arkitektur fekk dei jobbe med ideskisser til stoldesign, og fekk også prøve ut å bygge flymodellar.
Informasjon om KDA, og utprøving av ulike teknikkar - med Mona Fossdal






Idearbeid og skisser til stoldesign: Lærar: Sara Ødven


Kullteikning: Lærar: Camilla Vie


Kunsthistorie med tema "Egypt". Teknikk: Fargeblyant. Lærar: Silja Juklestad


Studiespesialisering (ST)
Ved programområde for Studiespesialisering fekk hospitantane delta i undervisningsopplegg knytt til matematikk, spansk, IT, sosiologi, kjemi, samfunnsgeografi, biologi og økonomi.
Biologi med lærar Kjellfrid Støylen Skilbrei

Teknologi og industrifag








Restaurant og matfag






