Fredag 1. september blei det gjennomført valdebatt ved Førde vidaregåande skule. I debattpanelet deltok engasjerte ungdomspolitikarar frå Raudt, SV, Arbeiderpartiet, Senterpartiet, MDG, KRF, Venstre, Høgre og Framskrittspartiet.
I opningsinnlegga presenterte politikarane kort sine hjartesaker.
Raudt kom inn på kampen mot fattigdom og sosiale skilnadar, og ønskje om lovfesta lærlingplassar og fjerning av fråværsgrensa. SV fronta også kampen mot fattigdom og klasseskilnadar.
Arbeidarpartiet vil ha læreplassgaranti, gratis skulemat, mindre fokus på karakterar, og fjerning av fråværsgrensa. Senterpartiet vil satse på distrikta og på landbrukspolitikk, og meiner at stipenda på vidaregåande skule må aukast.
MDG vil ha ein skule med mindre press og stress, og dei ønskjer også klimavennlege løysingar med utbygging av sykkelvegar. KRF meiner at dersom du treng hjelp, så skal du få det. Dei vil ha fleire helsesjukepleiarar inn i skulen.
VENSTRE ønskjer betre kollektivtrafikk og fleire plassar i sentrum der ungdom «kan henge». HØGRE meiner arbeiderpartiet gjer det vanskelegare for folk, og at AP er «kompisen som aldri vippsar tilbake». FRP vil ha lågare skattar og avgifter. Dei ønskjer også å heie fram norsk næringsliv.
Hilde Kvamsås Aa leia debatten - der elevane også fekk stilt spørsmål til ungdomspolitikarane. Etter debatten blei det organisert valstand.
Tekst: Mona Fossdal. Foto: Reidun Kristiansen.






