Hopp til hovedinnhold

Til alle elevar i 10. klasse som skal søkje skuleplass på Førde vidaregåande skule frå hausten 2024!

Førde vidaregåande skule, skulestad Førde.

Mitt namn er Mats Bryne, og eg er rektor på Førde vgs. Førde vidaregåande skule tilbyr mange forskjellige utdanningsprogram, både yrkesfaglege- og studieførebuande program. Det er veldig viktig at du som skal søkje skuleplass tenker grundig over kva som kan passe best for deg.

Foto - Mats Bryne 1 nedskalert.jpg

Ein stor fordel med den nye skulen er at valet av utdanningsprogram for mange elevar ikkje lenger handlar om val av skule. Dette betyr at du kan gå på same skule som dine vennar frå ungdomsskulen, sjølv om de vel forskjellige retningar.

Rådgjevar på skulen du går på i dag vil hjelpe deg med råd om val av utdanningsprogram og med sjølve søkinga. Andre som kan hjelpe deg med dette er lærarar og føresette. Både du som elev og føresette kan også ta kontakt med rådgjevarane og avdelingsleiarane i vidaregåande skule om du har spørsmål eller treng råd.

På heimesida til Førde vgs finn du god informasjon om alle utdanningsprogramma våre i tekst og med digitale presentasjonar

Hugs søknadsfristen 1. mars! På sida til vilbli.no finn du informasjon om kva du kan søkje på. Du finn også informasjon om søknad og inntak på nettsida til Vestlandfylke

Gå inn på nettsida vigo.no for å søkje.

Velkommen som søkjar til Førde vidaregåande skule!