Hopp til hovedinnhold

Vg1-klassar på ekskursjon på Guleslettene

Elevar frå Førde vgs på Guleslettene, 15. mai 2024.

Onsdag 15. mai reiste elevar frå 1KDA, 1MKA, 1SRB og 1SRC ved Førde vgs på ein naturfag- og geografiekskursjon til Guleslettene.

Tekst og foto: Rune Thingnes

Ein dag med mykje opplevingar i vindturbinparken på Guleslettene

I tillegg til å besøke parken, fekk elevane også informasjon, og fekk høyre ulike problemstillingar knytt til parken. Relevant som ekskursjon for naturfag og geografi. Veret var flott, og det blei også observert både snøballkrig og bading. Firda Billag leverte som vanleg, med trygg transport og trivelege sjåførar.

Ein lærerik dag i nydeleg ver. Kjekk ungdom å reise på tur med!

Her kan du sjå foto frå dagen:

Foto fra tur til Guleslettene, fotograf Rune Thingnes.jpg