Hopp til hovedinnhold

Vg1-klassen på Restaurant og matfag inviterte til Julebord!

Glenn, June, og Roman med NRK reporter.

Tysdag 12. desember inviterte Vg1 Restaurant og matfag med kontaktlærar Ole Jørgen Skallebakke, ca 35 føresette til julebord på Førde vidaregåande skule.

Tekst og foto: Hilde J. Ellingsund og Anne Grete Strømsli

Med på festen var NRK Sogn og fjordane, som vart imponerte over dei flinke elevane våre. Høyr innslaget på radio.nrk.no, og gå til tidspunkt og til kl.16.00 «Elevar inviterte foreldre på julemiddag».

Vg1 Restaurant og matfag har også starta ungdomsbedrift. Dei vil produsere ulike produkt som dei skal selje, lage ulik mat for sal og halde selskap.

Sara Elde var hovmeister for kvelden. Når ho får spørsmål om kva ho ynskjer seg til jul - så seier ho «Eg ynskjer meg eit selskap til, så vi kan øve oss». Vi håpar mange vil nytte seg av tilbodet til dei flinke elevane våre.

Foto 1 - Glenn, June, og Roman med NRK reporter.jpg

Foto over: Glenn, June, og Roman med NRK reporter.

Foto 2 - Hovmester for kvelden, Sara Elde saman med Camilla og Rubi.jpg

Foto over: Hovmeistar for kvelden, Sara Elde saman med Camilla og Rubi.

Foto 3 - Ein kokk har fleire hattar. Eirik Engebø spelte julemusikk på pianoet til gjestane.jpg

Foto over: "Ein kokk har fleire hattar". Eirik Engebø spelte julemusikk på pianoet til gjestane.

Foto 4 - Vg1 RM ynskjer riktig God jul til alle. Her har dei fått besøk av elevmentorar.jpg

Foto over: Vg1 RM ynskjer riktig God jul til alle. Her har dei fått besøk av nokre elevmentorar.