Hopp til hovedinnhold

Vg2 Helseservice på besøk til Åsane vgs

For nokre veker sidan var Vg2 Helseservice frå Førde vgs på besøk til Åsane vidaregåande skule. Målet med besøket var å bli kjend med Vg3 studia som denne skulen tilbyr. Åsane vgs har vg3-tilboda Apotekteknikar, Tannhelsesekretær, og Helsesekretær.

Tekst og foto: Hilde Joveig Ellingsund

Ved andre skular

I tillegg til desse tre tilboda ved Åsane vgs, har ein også moglegheit til å velje Portør og Ortopediteknikkar på det tredje året ved andre skular.

Informasjon til vg1-elevane

Når vg2-elevane kom tilbake frå turen, fekk dei i oppdrag å presentere både Vg2 Helseservice, og Vg3-studia ein kan vidare på, for elevane i Vg1 Helse og oppvekst ved Førde vgs.

01 Besøk ved Åsane vgs.jpg

Foto frå besøket ved Åsane vgs

02 Besøk ved Åsane vgs.jpg

Foto frå besøket ved Åsane vgs

Aktuelt for deg?

Helseserviceyrka er ettertrakta i samfunnet vårt. Er du god på kommunikasjon, er strukturert og set pris på å jobbe med menneske? I så fall kan Helseservice passe for deg!