Hopp til hovedinnhold

Yrkespraksis i La Rochelle i Frankrike

Vg2 kokk og servitør-elevar frå Førde vidaregåande skule har nyleg hatt yrkespraksis i La Rochelle i Frankrike. La Rochelle er ein hamneby i Frankrike som har mange flotte restaurantar med fokus på fisk og skaldyr. Elevane har jobba i restaurantar saman med franske kokkar.

Tekst: Bodil Erdalsdal

Foto: Bodil Erdalsdal og Thor Kolstad

Elevane var spente og hadde mange tankar om kva som møtte dei i Frankrike. Dei fekk mange nye erfaringar, både når det gjeld språk - og med ein jobbturnus som er annleis enn i Noreg. Det meste av kommunikasjonen skjedde med google translate, kroppsspråk og innimellom engelsk. Arbeidsdagen var delt i to, der dei jobba med førebuing ("prepp") på formiddagen, og så hadde dei nokre timar fri før dei måtte tilbake for å jobbe kveldsskift.

I La Rochelle er det også ein stor restaurant- og hotellskule, med omlag 900 elevar innan mat, servering, reiseliv og hotell. Her fekk elevane delta i undervisninga i ein dag. I tillegg til det faglege har elevane også fått tatt del i kulturelle aktivitetar som besøk på strutsefarm - sjølvsagt med smaksprøver, besøk i Cognac, og ein tur på marknaden. Dei fekk også besøke ein vingard, fekk lunsj på eit slott, og middag på kokkeskulen (Hotel Et Restaurante). Her kan du sjå foto frå turen:

02 La Rochelle.jpg

Elevar frå vg2 kokk og servitør, Førde vgs på besøk til La Rochelle i Frankrike våren 2024

03 La Rochelle.jpg

Elevar frå vg2 kokk og servitør, Førde vgs på besøk til La Rochelle i Frankrike våren 2024

"Ein fantastisk tur med så mykje inntrykk og opplevingar at det er vanskeleg å fordøye. Både fagleg innafor kokkeyrket og gjennom nye erfaringar".