Ser du for deg ei framtid som sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Om Helse- og oppvekstfag - studieførebuande
Helse- og oppvekstfag - studieførebuande (HOST) er eit treårig tilbod der du får programfaga frå vg1 Helse og oppvekst, vg2 Helsefagarbeider i ein kombinasjon med fag frå studiespesialiserande.
Tilbodet er for deg som ønskjer ei helsefagleh opplæring på vegen mot generell studiekompetanse. Du får eit tilbod der programfag og fellesfag er jamt fordel over dei tre åra. Du er i praksis innafor helsesektoren kvart skuleår.
Denne linja er for deg som ønskjer å studere vidare på høgskule - for å bli sjukepleiar, vernepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut eller liknande. NB: Sidan dette er ei studieførebuande linje, blir det ikkje tilbydd fag innan realfag, da må ein velje eit ordinært studiespesialiseringsløp.
Kva eigenskapar bør ein ha for å satse på denne utdanninga?
- Du må kunne jobbe med menneske frå ulike kulturar- og livssituasjonar, og kunne kommunisere på ulike måtar uavhengig av den du møter
- Du bør ha omsorg og empati for andre menneske og vere glad i å ta vare på andre
- Du må kunne samarbeide med både pasient/brukar, pårørande, kollegaer og andre yrkesgrupper
Fag | Vg1 | Vg2 | Vg3 |
Helsefremjande arbeid | 7t | 4t | 3t |
Kommunikasjon og samhandling | 5t | 3t | 2t |
Yrkesliv i Helse- og oppvekstfag | 5t | ||
Yrkesliv i Helsearbeiderfag | 3t | 2t | |
Yrkesfagleg fordjuping | 6t | 4t | 5t |
Programfag frå studieførebuande (faga vil kunne variere frå år til år) | 5t | ||
Norsk | 4t | 4t | 6t |
Matematikk (1P-Y HS og 2P-Y) | 3t | 5t | |
Naturfag | 2t | 3t | |
Kroppsøving | 2t | 2t | 2t |
Samfunnskunnskap | 3t | ||
Historie | 5t | ||
Engelsk | 5t |