Hopp til hovedinnhold

Ekskursjon til Guleslettene med Vg1 Studieførebuande, og Elektro og datateknologi

Onsdag 20. mai og torsdag 21. mai var 7 klassar, fordelt over to dagar, på ekskursjon til Guleslettene vindkraftverk i Bremanger og Kinn.  

Tekst og foto: Kjellfrid Støylen Skilbrei

Elevane held for tida på med eit tverrfagleg prosjekt om vindkraft knytt til energibehov, natur, miljø, klima og samfunn, som dei skal jobbe med i 3 veker. Dei skal også sette seg godt inn i korleis vi lokalt er med på den grøne omstillinga, og korleis dette er ein viktig del av energiproduksjonen i Noreg.  

Fotocollage 1 (nedskalert).jpg

Vi tok buss ut mot vestenden av vindkraftanlegget, og der gjekk vi ein tur på Grønegga. Bussturen ut og utsikta frå Grønegga viser omfanget av vindkraftverket, og naturen i området. På torsdag viste naturen seg frå ei vêrskiftande side og første pulje på tur fekk ein spennande tur med først skikkeleg bra utsikt, og så tett skodde som kom rullande innover Guleslettene. Første pulje fann vegen tilbake, men dessverre vart det lite utsikt til siste pulja, så der anbefalar vi at det vert ein liten utsiktstur ved seinare høve!  

Zephyr sin driftsleiar André Hatleset gav oss god informasjon om parken, både fordelar og utfordringar med vindkraftanlegg. Nyansert og god informasjon som hjelpe elevane i å danne seg eit bilete på kvifor Noreg treng meir grøn energi, og korleis ein kan forske meir på korleis ein kan løyse utfordringane.  

Takk til Zephyr for god informasjon og tilgong til anlegget, og takk til elevane for gode spørsmål, engasjement og turglede!