Hopp til hovedinnhold

Førde vidaregåande skule, vinnar av Byggeskikkprisen 2026!

Sunnfjord kommune sin byggeskikkpris blei utdelt på kommunestyremøte 18. juni 2026, og prisen gjekk til Førde vidaregåande skule. Prisen går til Vestland fylkeskommune som byggherre, LINK Arkitektur som arkitekt og landskapsarkitekt og Consto Bergen som totalentreprenør.

Kjelde (tekst og foto): Sunnfjord kommune si heimeside

Sunnfjord kommune sin pris for byggeskikk

Kommunen sin pris for byggeskikk er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg, konstruksjonar og tiltak som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet i Sunnfjord kommune. Komiteen seier mellom anna i sin omtale av bygget «Førde vidaregåande skule er eit stort og komplekst anlegg som på ein framifrå måte samlar utdanning, fellesskap og aktivitet i eit ope og inviterande læringsmiljø. Prosjektet kombinerer nybygg og eksisterande bygningsmasse i arkitektonisk heilskap med høge miljøambisjonar».

Juryens vurdering

Juryen meiner Førde vidaregåande skule er eit framifrå døme på god byggeskikk. Prosjektet kombinerer høg arkitektonisk kvalitet, berekraftige løysingar, god funksjonalitet og sterk samfunnsverdi. Det er eit bygg som løftar både staden, brukarane og omgjevnadene, og som vil vere eit viktig referanseprosjekt for Sunnfjord i mange år framover.

Foto interiør Førde vgs 1.jpg

Over: Frå "Hjarterommet" som er eit samlingspunkt midt i skulebygget. Foto: Førde vgs.

På heimesida til Sunnfjord kommune kan du finne meir informasjon om komitèen sin omtale av skulebygget, og om grunngjevinga for tildelinga av Byggeskikkprisen til Førde vidaregåande skule.

Her kan du også lese innstillinga il Byggeskikkprisen 2026, Førde vidaregåande skule.