Hopp til hovedinnhold

Historiefagdag – 50 år sidan Soweto-opprøret

Historiefagdag med utgangspunkt i eit jubileum er blitt ein årleg tradisjon ved Førde vidaregåande skule. Måndag 28. september var Vg2- og Vg3-klassane på studieførebuande samla i Førdehuset til kvar sin halve fagdag i historie med utgangspunkt i at det i år er 50 år sidan Soweto-opprøret.

Tekst: Hilde Kvamsås Aa

Foto: Hilde Kvamsås Aa og Ole Johnny Devik

Soweto-opprøret starta 16. juni 1976. Opprøret kom fordi styresmaktene i Sør-Afrika ville endre undervisningsspråket i Soweto frå engelsk til afrikaans. Afrikaans var språket til undertrykkarane, og ungdommane meinte at dersom språket skulle endrast, ville dei heller ha undervisning i morsmåla sine – xhosa og zulu. Opprøret spreidde seg utover i landet, fleire hundre ungdommar vart drepne og over tusen skada. Soweto-opprøret var eit vendepunkt i kampen mot apartheid, og 16. juni blir i dag markert som den offentlege høgtidsdagen «National Youth Day» i Sør-Afrika.

Dette var utgangspunkt for fagdagen elevane på vg2 og vg3 studieførebuande fekk ta del i. Elling Tjønneland, som er seniorforskar ved Christian Michelsens Institutt og har jobba med spørsmål knytt til det sørlege Afrika i heile sin karriere, hadde Soweto-opprøret som utgangspunkt for sitt føredrag. Han tok oss gjennom Sør-Afrika si historie fram til 1990, med vekt på apaartheid-perioden.

Sør-Afrika si historie etter 1990 vart dekka av Maren Sæbø i eit føredrag som tok utgangspunkt i kva utfordringar Sør-Afrika har hatt i dei ulike presidentperiodane frå Nelson Mandela til i dag. Maren Sæbø er utdanna historikar frå University of KwaZulu-Natal i Durban, og har jobba som redaktør og journalist med særleg interesse for det afrikanske kontinentet.

02 Maren Sæbø.jpg

Over: Maren Sæbø om Mandela-perioden og om utfordringar for Sør-Afrika. Foto: Hilde Kvamsås Aa

Dagens tredje førelesar tok oss både lenger tilbake i tid og heim til Noreg. Anders Totland, som dei fleste kjenner som forfattar av barne- og ungdomsbøker, gav oss eit godt innblikk i den dansk-norske slavehandelen. Frå føredraget hans var det òg mykje å lære om korleis ein arbeider med og kan tolke historiske kjelder.

03 Anders Totland og Elling Tjønneland).jpg

Over: På bileta her ser vi Elling Tjønneland (øvst) og Anders Totland (nedst). Foto: Hilde Kvamsås Aa og Ole Johnny Devik

I tillegg til føredraga på fagdagen har skulen òg ei utstilling i biblioteket med same tematikk. Utstillinga vil bli ståande òg i dei første vekene etter haustferien. Her er det òg mogeleg å konkurrere om ein liten premie gjennom å delta i quizen som høyrer til utstillinga.