Hopp til hovedinnhold

Hospitantar frå tiande klasse - tusen takk for besøket!

Måndag og tysdag 20. og 21. oktober fekk vi besøk ved Førde vgs av rundt 440 hyggelege hospitantar frå tiandeklasse. Har du lyst til å sjå kva hospitantane gjorde under utdanningsval? Her kan du finne informasjon og foto frå desse dagane.

Helse og oppvekstfag

På Helse og oppvekstfag (HO) har Vg2 elevar vore flinke medhjelparar under utdanningsval for 10. klasse. Dei har planlagt og gjennomført aktivitetar som kjenneteiknar Vg1 HO og utdanningsområda på Vg2.

HO1 (nedskalert).jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund

HO 2.jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund

Restaurant og matfag

Elevane på Vg1 Restaurant og matfag (RM / 2kosa) var i sving på kjøkkenet både måndag og tysdag. Dyktige elevar rettleia godt i aktivitetane, og flinke tilsette hadde laga gode opplegg.

RM 1 (nedskalert).jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund

RM 2.jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund

Kunst, design og arkitektur

På KDA fekk hospitantane utforske ulike stilar og materiale. Måndag utforma dei papirblomar av kreppapir, med lærar Karoline Vie. Dei jobba også med Halloweeninspirerte bilete i teknikken scraperboard, med Mona Fossdal. Tysdag fekk hospitantane ei innføring i kunsthistorie, og om egyptisk kunst med Silja Juklestad. Deretter lagde dei teikningar inspirert av stilen. Hospitantane fekk også jobbe med keramikk denne dagen, med vegleiing frå Svein Myklebust. Det blei laga mykje flotte arbeid desse dagane! Vi takkar så mykje for besøket :-)

Karoline papirblomster 1 (nedskalert).jpg

Over: Hospitantane lagar blomar i kreppapir. Foto: Karoline Vie

karoline 2 (nedskalert).jpg

Over: Flotte blomar laga i kreppapir. Foto: Karoline Vie

01 Mona (nedskalert).jpg

Over: Halloweeninspirert bilde i scraperboardteknikk. Foto Mona Fossdal

02 B (Mona nedskalert).jpg

Over: Halloweeninspirert bilde i scraperboardteknikk. Foto Mona Fossdal

01 keramikk (Svein) nedskalert.jpg

Over: Arbeid i keramikk. Foto Svein Myklebust

02 keramikk (Svein, nedskalert).jpg

Over: Arbeid i keramikk. Foto Svein Myklebust

Medium og kommunikasjon

Under utdanningsval på MK fekk hospitantane prøve seg på fotografering både i fotostudio og utandørs. Dei jobba også med podcast, lyd og film/dramaturgi. Vi håper at desse to dagane gav ein liten smakebit på korleis det er å vere elev på MK. Involverte medielærarar: Lene Sørøy Neverdal, Ole Johnny Devik og Karoline E. Ueland.

MK foto 01 (nedskalert).jpg

Over: Lysfoto, fotografi tatt i fotostudio

Podcast, MK (nedskalert).jpg

Over: Hospitantane arbeider med podcast. Foto: Karoline E. Ueland

Sal, service og reiseliv

Måndagen fekk hospitantane informasjon om programområdet. Elevar på SSR fortalte også om YFF-faget og presenerte utplasseringsstaden sin. Dagen blei avslutta med bedriftsbesøk til Scandic hotell, saman med lærar Stig Nistad. 

Tysdagen fekk hospitanane prøve seg på ein blindtest av produkt/varer. Her var det lærarane Anna Czarny og Mirela Støfring som var ansvarlege for opplegget, saman med SSR-elevar. Til sist fekk hospitantane prøve ut faget forretningsdrift gjennom spelet Monopol, med vegleiing frå lærar Bjørn Inge Solheim og elevar på SSR-linja. Vi håper gjestane våre fekk eit inntrykk av korleis det er å vere elev på SSR-linja :-)

SSR monopol 1 (nedskalert).jpg

Over: Hospitantane jobbar med faget forretningsdrift gjennom Monopol. Foto: Ole Johnny Devik.

Naturbruk

(Her kjem det om litt foto og info)

Teknologi og industrifag

På TIF fekk hospitantane prøve seg på oppgåver knytt til fagområdet, slik som sveising og maskinering, bilmekanikk, truckkøyring, lastsikring med meir. Elevane på avdelinga har vore med å tatt i vare hospitantane på ein flott måte. 

TIF - maskinering.jpg
TIF maskinering2.jpg

 

to ungdommar i kjeledress har på sveisemaske. Ein av ungdommane sveisar medan den andre ser på
to ungdommar i blå kjeledress står med sveisemaske og hanskar. Ein av ungdommane står og sveisar og den andre står og ser på.
tre jenter med blå kjeledress står sammen med to vaksne og ser på ein gut som står og jobbar med eit hjul.
Ein gut står og jobbar ved høgre bakaksling på ein bil, som er sett opp i arbeidshøgd. Ein annan gut står og ser på arbeidet. Ein tredje gut står bak bilen.
Ein gut i blå kjeledress står saman med to andre guar og jobbar på ein bil ved venstre bakaksling. Bilen er heva opp i arbeidshøgd.

Bygg og anleggsteknikk

(Her kjem det om litt foto og info)

Elektro og datateknologi

Hospitantane på Elektro- og datateknologi fekk prøve seg på ulike arbeidsoppgåver. Blandt anna elektronikk og lodding, kopling av lys, nettverk , automatiserte anlegg med meir.  

Studiespesialisering

(Her kjem det om litt foto og info)