Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til foreldremøte for russ 2026 onsdag 14. januar

Førde vidaregåande skule inviterer, saman med samarbeidspartar i Sunnfjord kommune og politiet, til russeforeldremøte onsdag 14.01. kl. 19:00 – 20:30 ved Førde vidaregåande skule.

Foreldremøte vil ha søkelys på korleis vi i lag kan legge til rette for ei så trygg russetid som mogleg.

  • Informasjon frå russestyra
  • Russeforeldrenettverk
  • Erfaringar frå tidlegare russefeiringar
  • Informasjon om område som russen får disponere. Krav om foreldrevakter
  • Nok, Overgrepsmottaket, helsesjukepleiarar og politi deltar med relevant informasjon

 

Vi planlegg i tillegg ein felles førebyggande dag for russen i april 2026.  

«Foreldre må vere gode forbilde og ta praten med russen»

Arrangør: Førde vgs og SLT i Sunnfjord kommune.