Fredag 15. september reiste vg2 og vg3-klassen på Kunst, design og arkitektur (KDA) til Vevring. Her fekk dei sjå årets Vevringutstilling, og fekk også delta på eit kurs med kunstnaren Andrea Grundt Johns.
Tekst: Mona Fossdal
På årets Vevringutstilling deltok mellom anna kunstnarane Frøydis Aarseth, Unni Askeland, Franzisca Siegrist, Sarah Karlsson, Marthe Aas, Eva Marit Edwardsen Masoud Alireza, Charlotte A.J. Cohen og Andrea Grundt Johns med arbeid innan mange ulike sjangre og teknikkar.

Over: Bilete frå Vevringutstillinga hausten 2023. Foto: Karoline Vie

Elevane våre blei også inviterte til å delta på kurs, der dei fekk opplæring i teknikken cyanotypi, som er ein avtrykksteknikk. Kunstnaren som stod for dette kurset er Andrea Grundt Johns: https://www.agjohns.com/. Kurset blei gjennomført utandørs i dagslys, der bileta blei framkalla (og blei vaska) i fjorden. På dette viset blei teknikkens historiske bakgrunn knytt tett opp mot dagens kamp for fjorden i Vevring. Kjemikaliane er heilt ufarlege, og utgjer difor ikkje fare for skade på naturen.

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie
Kort om teknikken: Cyanotypi er den eldste fotografiske teknikken som fortsatt er i bruk i dag. Den blei utvikla av astronomen og universalgeniet Sir John Herschel i 1842, og blei allereie same året tatt i bruk av botanikeren Anna Atkins i hennar studiar av dei britiske algene. Bileta blir framkalla i sollys/UV-lys og blir vaska i rennande vatn. Resultata er knall blå fotografiske avtrykk, derav namnet cyanotypi (blå-kopi).

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie og Silja Juklestad

Over: Bilete frå Vevring, der elevar på KDA deltek på kurs i teknikken Cyanotypi. Foto: Karoline Vie

Over: Bilete frå Vevring. Foto: Karoline Vie