Sist veke var elevar frå Vg3 Medium og kommunikasjon på Knutholmen i Bremanger for å fotografere og filme på konferansen: "The Maritime Hydrogen Conference 2026". Oppdraget gjekk ut på å dokumentere og dekke konferansen gjennom film og fotografi.
Tekst: Ole Johnny Devik. Foto: Vilde og Alida frå 3mka
The Maritime Hydrogen Conference 2026
Konferansen vart arrangert 22. til 23. april i fiskeværet Kalvåg. Konferansen er ein av dei viktigaste internasjonale møteplassane for aktørar innan maritim bruk av hydrogen, og samlar representantar frå næringsliv, forsking og styresmakter. Dette året markerte konferansen eit stort jubileum, da det var ti år sidan den vart arrangert for første gong i regi av Ocean Hyway Cluster.

Over: Foto frå konferansen
Programmet fokuserte på å trekkje lærdom frå det føregåande tiåret med teknologiutvikling, samstundes som blikket vart retta mot dei kritiske avgjerslene som må takast for å akselerere det grøne skiftet til sjøs.

Over: Foto frå konferansen
Fekk overnatte
Tre av elevane overnatta på Knutholmen onsdag. Dette for å kunne vere med om kvelden, og for å vere klar til å ta bilde på torsdagen. Elevane fekk delta på middag. Dagen etter spanderte Knutholmen også lunsj på klassen før avreise, noko som var minst like kjekt som å vere med å dokumentere framtida til Hydrogen i fylket.
Elevane leverte inn over hundre pressebilete, og skal etter kvart også levere ein promo video for arrangementet. Elevane fekk gode tilbakemeldingar frå arrangøren. Kanskje blir det eit nytt oppdrag og ein ny tur til Kalvåg neste år?
