Hopp til hovedinnhold

Spennande besøk frå Vitensenteret i Sogndal

Tysdag 25.8 fekk VG1-klassar frå Førde Vgs sjå vitenshov frå Vitensenteret i Sogndal. Showet var delt i to, eitt show der ein fekk forklart kjemi/ fysikk til det som skjer for studieførebuande, og eitt show med fokus på utforsking og smell for yrkesfag.

Tekst og foto: Kjellfrid Støylen Skilbrei 

Elevane var ivrige til å vere med på prøve store flammar, elektriske impulsar, kalde hender og halde seg for øyra grunna store smell med jamne mellomrom!

Besøk frå Vitensenteret i Sogndal 1 og 2.jpg

Over til venstre: "Send flammen vidare"! Elevar frå VG1Studieførebuande fekk nærkontakt med flammar, men det vart ikkje brannskade! God blanding av fysikk og kjemi her! Over til høgre: Flytende nitrogen er -196 grader Celsius og utvidar seg 700 gongar når det fordampar. Slikt blir det kapoff av! Her lagar vitemeir til ei fargerik bombe.

Fagleg sett er det interessant å sjå ekso- og endotermiske reaksjonar i litt større skala. Det ER gøyare med «KAPOFF» enn «foff», sjølv om teorien bak er lik. I tillegg er faseovergang og energiutveksling mellom stoff spennande når ein har skikkeleg kald nitrogen tilgjengeleg! Tida for å plukke tryllestøv-plantar i naturen er no og fram til september. Finn bilete av kråkefot-plante (Lycopodium), og sank inn litt sporehus (det gule som er på toppen av planta), legg det til tørk og så kan de sjølv lage flamme-tryllestøv!

Besøk frå Vitensenteret i Sogndal 3 og 4.jpg

Over til venstre: Biologar klemmer eit tre, kjemikarar klemmer ei flaske med isopropanol. Meir foff, enn kapoff, men det vart knørva flaske etterpå! Over til høgre: Lycopodium- sporar brenn godt! Oksygen+Brennbart materiale+ temperatur gjev flammar!

Besøk frå Vitensenteret i Sogndal 5.jpg

Over: Flamme i hand. Ikkje gjer dette heime! Eller jo, men ta førehandsreglar! Hugs å ha våte hender!

Håpar mange elevar vel realfaga kjemi, fysikk og biologi på vg2 og vg3, der dei kan lære meir om teorien bak naturlege fenomen, og gjere eksperiment med kapoff!