Bli med på ein koseleg og stemningsfull førjulsdag når ungdomsbedriftene på VG2 ved Førde vidaregåande skule, avdeling Mo, inviterer til Jul i Stallgata 2026! Dato for arrangementet: 4., 5. og 6. desember 2026 frå kl. 16.00-19.00 alle dagar.
Vi ønskjer å skape ekte julestemning med hestar, hyggeleg samvær og aktivitetar for både store og små. Her kan du oppleve hesteglede på nært hald, bli med på hestekøyring og riding, og utforske ulike salsboder med spennande varer.
Vi gler oss til å fylle Stallgata med juleglede, hestehovslag og gode minne for alle!

Stad:
Movegen 34, 6819 Førde. Stallområdet ved Førde vidaregåande skule, avdeling Mo.
