Kjære hospitant! Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 43, måndag og tysdag 20. og 21. oktober. Du vil på denne sida finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen. Vi oppmodar alle om å ta med seg niste desse dagane. Det blir også mogleg å kjøpe mat i kantina.
Oppmøte ved skulestad Førde
Måndagen blir det oppmøte i «hjarterommet» ved Førde vidaregåande skule kl. 0930. Hjarterommet ligg plassert ved kantina i 1. etasje, mellom inngang A og inngang B. Her vil du finne nokon med eit «skilt» for programområdet som du skal hospitere på. Still deg opp der. Tysdagen blir det også oppmøte kl. 0930. Da møter du direkte til den avdelinga som du var på dagen før. Dersom du kjem med skyss før kl. 0930, så er det høve til å sitte i kantina og vente.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Førde
Oppmøte ved skulestad Mo
Dette gjeld elevane som har valt Naturbruk. Måndag blir det oppmøte i den midlertidige kantina kl. 0815. Det blir også oppmøte kl. 0815 på tysdag.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Mo
Vi håper du vil få nokre kjekke og informative dagar hos oss!
Programområde
Program for KDA: Kunst, design og arkitektur
Program for MK: Medium og kommunikasjon
Program for ST: Studiespesialisering
Program for SSR: Sal, service og reiseliv
Program for HO: Helse og oppvekstfag
Program for TIF: Teknologi- og industrifag
Program for BA: Bygg- og anleggsteknikk
Program for Elektro og datateknologi
Program for RM: Restaurant- og matfag
(NB: Programma blir lagt ut her etter kvart som dei er klare. Det kan også bli nokre justeringar i programma fram til datoen for hospiteringa)