Kjære hospitant! Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 43, tysdag 20. oktober. Du vil på denne sida finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen. Vi oppmodar alle om å ta med seg niste. Det blir også mogleg å kjøpe mat i kantina.
Oppmøte ved skulestad Førde
Tysdag blir det oppmøte i «hjarterommet» ved skulestad Førde kl. 0900. Hjarterommet ligg plassert ved kantina i 1. etasje, mellom inngang A og inngang B. Her vil du finne nokon med eit «skilt» for programområdet som du skal hospitere på. Still deg opp der, og så vil du bli ført vidare til avdelinga der du skal hospitere :-)
Sjå korleis du finn fram på avdeling Førde
Oppmøte ved skulestad Mo
Det blir oppmøte på skulestad Mo kl. 0815 på tysdag.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Mo
Vi håper du vil få nokre kjekke og informative dagar hos oss!
Oppmøte ved skulestad Høyanger
(informasjon kjem)
Programområde
(NB: Det blir lenka opp program her etter kvart som programma blir klare. Ver også obs på at det kan bli endringar i programma fram til datoen for hospitering)
Program for ST: Studiespesialisering
Program for KDA: Kunst, design og arkitektur
Program for MK: Medium og kommunikasjon
Program for SSR: Sal, service og reiseliv
Program for HO: Helse og oppvekstfag
Program for NA: Naturbruk
Program for TIF: Teknologi- og industrifag
Program for BA: Bygg- og anleggsteknikk
Program for Elektro og datateknologi
Program for RM: Restaurant- og matfag
