Hopp til hovedinnhold

ViteMeir med vitenshow på Førde vgs

ViteMeir besøkte Førde vgs tysdag 14. oktober med vitenshow. Auditoriet var omgjort til naturfagsal og gjennom ulike eksperiment skulle vi få innsikt ulike fysiske fenomen.

Tekst og foto: Hilde Kvamsås Aa

Vi har mellom anna lært kvifor ein ikkje lenger brukar hydrogenballongar i barnebursdag, korleis eit seglskip kan segle - ikkje berre drive med vinden, at kråkefotsporar brenn veldig godt berre det er nok oksygen, og at det går fint an å halde ein flamme og sende den vidare til nestemann – berre du er våt på hendene. Flytande nitrogen gjev unekteleg ein god effekt, og har du ein skvett hydrogenperoksid på lager, kan du lage tannpasta til ein heil elefantflokk. Tusen takk til ViteMeir for besøket!

02 VilVite (nedskalert).jpg

Over: Blåse opp ballong ved å blåse på dei. Det går bra å fylle flytande nitrogen på armen. Elektronar kan ha sin effekt. Flamme i handa. Elefantpastaen vil ingen ende ta.

03 Vilvite (nedskalert).jpg

Over: Når det er vitenshow er det lov å tenne på elevar. Send flammen vidare. Kråkefotsporar kan brenne godt når det berre er nok oksygen.

04 Vilvite (nedskalert).jpg

Over: Røykteppe av nitrogen. Kokande vatn i flytande nitrogen. Ikkje alt går som det skal på første forsøk. Flytande nitrogen fordampar. Klar til å tenne på ballong med hydrogen. Flygande ball.