Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite om Førde vidaregåande skule

Skulebygningen til Førde vgs i Førde sentrum frå lufta.

Førde vidaregåande skule er lokalisert på Mo, i Førde og i Høyanger. Her finn du informasjon om kvar du finn oss, og opningstider. Du finn også teikningar og bilete av skulebygningen i Førde sentrum.

Kontaktinformasjon

Førde vgs 
Naustdalsvegen 12
6800 Førde
Tlf.57637300
Epost: post.forv@vlfk.no
Postboks 115, 6801 Førde

Her finn du oss

På Førde vidaregåande skule er det tre skulestader, ein på Øyrane i Førde sentrum, ein skulestad på Mo, og ein i Høyanger. Administrasjon på Øyrane i Førde finn du ved ekspedisjonen, og administrasjonen på Mo finn du i resepsjonen. 

Skulestaden i Førde 

Naustdalsvegen 12, 6800 Førde. Kontaktinformasjon: Tlf.: 57637300. post.forv@vlfk.no. Ekspedisjonen er open måndag - fredag kl. 0800-1510. I skranken finn du Jeanette og Solfrid.

Skulestaden på Mo

Adressa til skulestad Mo er Movegen 30 og ligg 11 km frå Førde sentrum, retning Jølster. I skranken på Mo finn du Anne Grethe. Skulen har eige gardsutsal, der du kan få kjøpt ulike varer som er produsert ved Naturbruk på Mo. Meir om opningstidene til gardsutsalet

Skulestaden i Høyanger

Adressa til skulestaden er Einar Førdes veg 1, 6993 Høyanger. Ekspedisjonen er open måndag - fredag kl. 0730 - 1500 
Sentralbord: 57 63 78 00. E-post: posthoyv@vlfk.no

NB: Elevar som skal søke på utdanningstilbod i Høyanger skuleåret 2026-2027 må søke Førde vgs, avd. Høyanger. Les om tilboda i Høyanger her:  Høyanger vgs.

Dette syns vi er viktig

Vi har høge ambisjonar for læring og utvikling, og vi ønskjer å legge til rette for eit trygt og godt læringsmiljø der du som elev får utvikle deg både fagleg og sosialt. Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Draumeskulen er ein viktig del av arbeidet med å skape eit godt skulemiljø for våre elevar.

Ein framtidsretta skule

På Førde vidaregåande skule er vi med på nye trendar. Vi ønskjer å vere ein framtidsretta skule og som lar elevane teste ut forskjellige digitale trendar. Det siste vi jobbar med, er korleis vi kan bruke VR (virtuell realitet) i undervisninga vår. Som elev hjå oss, får du utfordre deg sjølv innan bruk av ulike digitale verktøy. Vi jobbar med å legge tilrette for at elevane våre skal få utvikle god digital kompetanse på ein trygg måte med fokus på digital dømmekraft. Her kan du lese meir om Førde vgs - ein framtidsretta skule.

Ein person med VR-briller. Foto: Pixabay

Nye Førde vidaregåande skule 

Her kan du sjå arkitektteikningar av nye Førde vidaregåande skule i Førde sentrum (PDF).

Bilete vuser elevar ved toppidrett. Elevane sit på golvet i ein gymsal.

Elevar og tilsette ved skulen

På dei tre skulestadane ved Førde vgs: Førde, Mo og Høyanger - har vi til saman rundt 1115 elevar og 285 tilsette. Rektor er Mats Bryne.