Skulen har samla viktig informasjon som du treng for å førebu deg til skulestart. Informasjonen er ulik alt etter kva utdanningsprogram du skal starte på.
Viktig informasjon som gjeld ditt utdanningsprogram: informasjonsskriv til skulens utdanningsprogram
Skulestad Førde:
Oppropet skjer i auditoriet. Rektor ønsker kort velkommen og presenterer avdelingsleiar. Avdelingsleiar presenterer kontaktlærar som ropar opp kvar klasse (med elevmentorar). Klassane går ut etter kvart som dei er opplest. Elevtenesta og elevmentorar er i fellesareal og visar elevane inn til auditoriet.
Sjå korleis du finn fram på skulestad Førde
Kl. 0900-0930: Vg1 Bygg og anleggsteknikk, Vg1 Elektro og datateknologi, Vg1 Teknologi og industrifag
Kl. 0930-1000: Vg1 Studiespesialisering og Vg1 Helse- og oppvekstfag (studieførebuande)
Kl. 1000-1030: Vg1 Kunst, design og arkitektur, Vg1 Medium og kommunikasjon, Vg1 Sal, service og reiseliv, Vg1 Helse- og oppvekstfag (yrkesfag), Vg1 Restaurant og matfag
Kl. 1030-1100: Vg3 Studiespesialisering, Vg3 Kunst, design og arkitektur, Vg3 Medium og kommunikasjon, Vg3 Helse og oppvekstfag studieførebuande
Kl. 1100-1130: Vg2 Tømrar, Vg2 Køyretøy, Vg2 Industriteknologi, Vg2 Elenergi og ekom, Vg2 Ambulansefag, Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag, Vg2 Helsearbeiderfag, Vg2 Helseservice, Vg2 Kokk- og servitørfag
Kl. 1130-1200: Vg2 Studiespesialisering, Vg2 Kunst, design og arkitektur, Vg2 Medium og kommunikasjon, Vg2 Sal og reiseliv, Vg2 Helse- og oppvekstfag studieførebuande
Kl. 1200-1215: Innføringstilbod for minoritetsspråklege
27. august
Kl. 1800: Oppstart Vaksenopplæring studiespesialisering
18. august
Kl. 0900: MVOV kokk
Skulestad Mo:
Internatet: For elevar som har internatplass, vil det bli høve til å flytte inn på hybel søndag 16 august mellom kl. 1600 og 2030. Tidspunkt for kveldsmat er kl. 20.00. Deretter felles informasjonsmøte ved miljøarbeidar/nattevakt kl. 2100.
For elevar som skal starte på Vg1 Naturbruk/hest, Vg2 Anleggsteknikk, Vg2 Transport og logistikk, Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse og Vg4 Påbygg, vil frammøte fyrste skuledag vere i hallen.
Avdelingsleiar ønsker kort velkommen, og presenterer kontaktlærar som gjennomfører opprop. Klassane går ut etter kvart som namna er ropt opp.
Klasse 2LGAA møter direkte i klasserom i C- blokka, og 2HDFA i klasserommet i ridehallen.
Kl. 0815: Vg3 og Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse
Kl. 0815: Vg2 Landbruk og gartnarnæring, Vg2 Hest- og dyrefag (møter i klasserom)
Kl. 0830: Vg1 Naturbruk og naturbruk hest
Kl. 0845: Vg2 Anleggsteknikk
Kl. 0900: VG2 Transport og logistikk
Internatet: Dersom du ønsker å bu på internatet, send ein epost til post.forv@vlfk.no. Skriv namnet ditt og kva utdanningsprogram du skal starte på. Hybelkontrakt og informasjon om internatet på Mo finn du her til gjennomlesing. Dersom du får plass på internatet, vil du få tilsendt kontrakt digitalt via Digipost. Dersom du ikkje har aktivert Digipost vil hybelkontrakt bli sendt pr. post. Når du har signert kontrakten, vil du få svar om innflyttingsdato. Her er ordensreglement for internatet på Mo.
Felles informasjon for elevar ved Førde vgs:
Angåande inndeling i klassar
Skuleleiinga deler inn elevane i klassar ut frå reglane om dette i kapittel 14 i opplæringslova. I tillegg vil skulen ta individuelle omsyn der det ligg føre informasjon om tungtvegande grunner for dette. Dette er informasjon som den vidaregåande skulen får frå ungdomsskulen etter samtykke frå elev og føresett.
Skjema som må fyllast ut
Her finn du lenkjer til skjema som må/skal fyllast ut og returnerast til skulen: post.forv@vlfk.no i august / ved skulestart:
Utlån læremiddel - Lånekontrakt: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev
Merk deg at du må signere kontrakten før første skuledag, slik at du kan få lånt bøker på måndagen. Sjå framgangsmåte for å signere kontrakten.
Kjøp av elev-PC (NB For MK/KDA: sjå tilråding om PC i informasjonsskriv til MK/KDA)
Samtykkeskjema publisering av bilete og for utveksling av informasjon
Høyanger Vgs:
For informasjon om første skuledag, gå inn på heimesida til Høyanger Vgs
