Hopp til hovedinnhold

Velkommen til første skuledag ved Førde vidaregåande skule 2023-24

Foto frå Førde vgs, avdeling Førde og Mo

Velkommen til skulestart måndag 21. august. Skulen har samla viktig informasjon som du treng for å førebu deg til skulestart. Informasjonen er ulik alt etter kva utdanningsprogram du skal starte på.

Viktig informasjon som gjeld ditt utdanningsprogram:

Du finn informasjonsskriv til skulens utdanningsprogram på denne sida

Felles informasjon:

Her finn du lenkjer til skjema som må/skal fyllast ut og returnerast til skulen: post.forv@vlfk.no i august / ved skulestart:

Lånekassen

Utlån læremiddel - Lånekontrakt (ID-pålogging)

Merk deg at du må signere kontrakten før første skuledag, slik at du kan få lånt bøker på måndagen. Sjå framgangsmåte for å signere kontrakta.

Skuleskyss

Hybelinformasjon: Kontrakt ved leige av hybel på internatet på Mo

Kontrakt må returnerast snarast til post.forv@vlfk.no . Dei med skulestad på Mo blir prioriterte, og elles blir prinsippet "førstemann til mølla". Her er informasjon om Internatet på Mo

Samtykkeskjema publisering av bilete

Samtykkeskjema for utveksling av informasjon

Kjøp av elev-PC  (NB sjå PC-krav i inforskriv til MK/KDA)

Svarskjema for val av framandspråk

Oppmøtetid og opprop elevar første skuledag 21. august 2023 

Skulestad Førde:  

Oppropet skjer i auditoriet. Sjå korleis du finn fram til auditoriet.

Kl 0930-1000  

Vg1 Bygg og anleggsteknikk,

Vg1 Elektro og datateknologi  

Vg1 Teknologi og industrifag 

Kl 1000-1030  

Vg1 Studiespesialisering  

Kl 1030-1100  

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg1 Kunst, design og arkitektur

Vg1 Medium og kommunikasjon

Vg1 Restaurant og matfag

Vg1 Sal, service og reiseliv 

Kl 1100-1130  

Vg3 Studiespesialisering

Vg3 Kunst, design og arkitektur  

Vg3 Medium og kommunikasjon

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse klasse 3PBA 

Kl 1200-1230  

Vg2 Tømrar

Vg2 Køyretøy

Vg2 Industriteknologi

Vg2 Elenergi og ekom  

Vg2 Datateknologi og elektronikk

Vg2 Ambulansefag  

Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag

Vg2 Helsearbeiderfag

Vg2 Helseservice

Vg2 Kokk- og servitørfag

Kl 1230-1300  

Vg2 Studiespesialisering

Vg2 Kunst, design og arkitektur

Vg2 Medium og kommunikasjon

Vg2 Sal og reiseliv 

Kl 13.00-1315 

Vaksenopplæring Vg1 Helse- og oppvekstfag  

Vaksenopplæring Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag  

Vaksenopplæring Vg2 Restaurant og matfag, Gloppenmodellen                         

Skulestad Mo:  

Mottak på internatet søndag 20. august 

For elevar som har internatplass, vil det bli høve til å flytte inn på hybel søndag 20. august etter kl. 15.00. Tidspunkt for kveldsmat er kl. 19.30, og deretter felles informasjonsmøte kl. 21.00.  

Opprop første skuledag i hallen. Sjå korleis du finn fram til Hallen.

Kl 0900-0930  

Vg1 Naturbruk, Vg2 Anleggsteknikk, VG2 Transport og logistikk 

Kl 0930-1000  

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse klasse 3PBB 

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse klasse 4PBB 

Kl 1200             

Vg2, Landbruk og gartnarnæring, Vg2 Heste- og dyrefag, Vg3 Landbruk møtar i klasserom 

Oppmøtetid vaksenopplæring torsdag 31. august

Kl 18.00

Oppmøte i auditoriet ved Førde vgs